For medlemmer‎ > ‎Ledige stillinger‎ > ‎

Forskar - økologisk husdyrproduksjon

lagt inn 17. nov. 2011, 09:15 av Gry Løberg

Ved Bioforsk Økologisk er det ledig ei fast heiltidsstilling som forskar innanfor fagområdet økologisk husdyrproduksjon, med spesielt ansvar for dyrevelferd. Forskaren skal vere med og utvikle og gjennomføre forskingsprosjekt i samarbeid med aktørar frå næring, forvaltning og andre forskingsinstitusjonar. Kontorstad er Tingvoll. Stillinga kan også vere aktuell for stipendiat.


Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing og prosjektarbeid
  • Forskingssamarbeid og nettverksbygging, nasjonalt og internasjonalt
  • Prosjektutvikling, utarbeiding av nye prosjektsøknader
  • Vitskapleg og populærvitskapleg publisering og anna formidling
  • Vurdering, tolking og rådgjeving når det gjeld regelverk og regelverkutvikling
  • Rettleiing av studentar og rådgjevarar etc


Vi stiller krav om

  • Mastergrad eller doktorgrad innan biologi, husdyrfag eller veterinærfag, gjerne med spesialkompetanse innan etologi
  • Må beherske norsk (eller anna skandinavisk språk) og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Erfaring med prosjektarbeid/ forvaltning og publisering vil bli vektlagt


Personlege eigenskapar

  • Initiativrik og kreativ i høve til å sjå gode, faglege problemstillingar
  • Evne til å utvikle idear for prosjektkonsept og søknader
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Kan jobbe både sjølvstendig og saman med andre
  • Stor arbeidskapasitet


Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø som er forankra både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, interessante arbeidsoppgåver og arbeid som gjev god fagleg utvikling.
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som forskar eller seniorforskar, kode 1108, 1109 eller 1183. Stillingskode og løn vert vurdert etter kvalifikasjonar. Stillinga kan også vere aktuell for stipendiat, kode 1017.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.


Generelle opplysningar

  • Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • Bioforsk er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Ved vurdering om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via ei lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
 

Comments